Ridestevne på Tjernagel - 21.05.05

 

Nok ein gong blei det avvikla ridestemne på Tjernagel leir og fritidssenter. Været betra seg utover dagen, og det blei ein fin dag med mange flinke ryttarar. Det var også eit positivt publikum, som like ivrig heia fram både eigne og andre sine håpefulle små og store.


Klassane det blei konkurrert i var Gymkhana og sprang. Gymkhana er ulike oppgåver ryttaren skal meistra i saman med hesten, t.d. balansera ved sida av hesten, ha potet i skei, slalåm ol. Sprang er når hest og ryttar skal hoppa over hinder.

Renate Lodden

 

I gymkhanaen har mange på seg kostyme, og det var denne gongen Renate Lodden som stakk av med sigeren for beste kostyme. Ho var utkledd som eit flott tre.
Det er nokon flotte born og unge som ferdast her på senteret. Dei eldste og mest erfarne var flinke til å hjelpe dei yngre og mindre erfarne, slik at alle fekk ei fin oppleving på hesteryggen. Foreldra og ryttarane var som alltid positive, og hjelpte villig til der det var trong for det.

Me takkar de alle for ein fin dag!

 

Resultat gymkhana

Resultat sprang