Ridestevne på Tjernagel

26 september 2009

   
     
 

Laurdag 26.09.09 blei det igjen arrangert ridestemne for ryttarane på Tjernagel. Som vanleg var det 4 klassar.

 
 

Det var 2 gymkhana klassar som var delt etter alder. Gymkhana er ein bane med ulike oppgåver som ryttarane skal utføre både aleine og til hest. t.d. ri med potet i skje, slalåm, balanse osv. Her er det om å gjere å komme raskast gjennom banen.

I tillegg var det 2 sprangklassar, maks 60 cm. og maks 80 cm.

Det er også premiering til den som har best kostyme i gymkhanaen. Denne gangen var det indianaren Bjørnar Johansen Løvland som stakk av med kostyme sigeren.

 
     
 

Det er mange ulike oppgåver som skal gjerast for å kunne arrangere ein slik dag. Her på Tjernagel har me mange barn, unge og vaksne som er positive forbilde for kvarandre, og som villig trør hjelpande til der det trengs. Dei eldste med mest erfaring hjelper dei som er yngre og meir uerfarne, og sørgjer slik for at alle får ein dag kor fokus er meistring, lek og moro.

Det blei også vist mykje god sprangriding, og det blei hard konkurranse om premiane denne gangen.

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.

 
     
 
Me vil takke det fine publikummet både for heiing av egne og andres håpefulle små. Og sist men ikkje minst, til alle ryttarane sjølv for alt arbeidet med klargjøring på forhand, hjelp undervegs og etterpå, og den gode sportslige innstillinga de har overfor kvarandre. Tusen takk for hjelpen, og at de gjorde dagen så fin for alle!