Ridestevne på Tjernagel - 05.11.05

 

Laurdag blei det igjen arrangert ridestemne på Tjernagel leir og fritidssenter. Været kunne nok vore betre, men det hindra ikkje ryttarane i å gjere ei fin innsats, og det var mange foreldre og andre tilskodar som trossa regnet, og heia fram både store og små til siste slutt. Klassane det blei konkurrert i var Gymkhana og sprang. Gymkhana er ei bane med ulike oppgåver som hest og ryttar skal meistra på fortast mogleg tid. Sprang kallas det når det skal hoppas over hinder. Dei eldste ryttarane hjelper dei yngre og meir uerfarne, og dei gjer alle sitt beste for at me skal ha det gøy i lag. I gymkhanaen var det også premiering for det beste kostymet. Det var fleire fine kostyme, men denne gangen blei det Ida Hermans utkledd som ei fin eventyr prinsessa, som stakk av med sigeren.

Eg takkar for all hjelp i frå både store og små, voner de alle hadde ein fin dag!

 

Ida Herman på Didrik

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.