Ridestevne på Tjernagel - Høst 2004

 

Laurdag 23.10.04 blei det igjen arrangert ridestemne på Tjernagel leir og fritidssenter. Det var ei god deltaking med til saman 54 startande ekvipasjar. Klassane det blei konkurrert i var Gymkhana og sprang.

 
     
 
 

Gymkhana er ei bane med ulike oppgåver som hest og ryttar skal meistra på kortast mogleg tid. Sprang kallas det, når det skal hoppas over hinder. Ryttarane gjorde både foreldre og oss andre svært stolte. Forutan sjølve ridinga, har mange ei sportsleg innstilling eg blir svært imponert over. Dei flinkaste og eldste, hjelper dei yngre og meir uerfarne, og dei gjer sitt beste for alle skal ha det gøy i lag. Foreldra var som alltid positive, og heiar fram både egne og andre sine håpefulle. I gymkhanaen var det også premiering til den som hadde det beste kostymet. Det var fleire fine kostyme, men denne gongen blei det Hanne Gravelsæther, utkledd som eit flott heimelaga jordbær, som stakk av med sigeren.

Eg takkar for all hjelp i frå både store og små, vonar de alle hadde ein fin dag!

Hilsen   Hanne Enerstvedt Løvland
 

 

 
     
   
 

Hanne Gravelsæther på Lucas

 
 

 

 
 

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.