Ridestevne på Tjernagel - 28.10.06

     
 

Laurdag blei det igjen arrangert ridestemne på Tjernagel leir og fritidssenter. Veret haldt seg tålig bra, og tross litt konkurransenervar på både menneske, og somme hestar, blei det ein kjekk dag. Publikum var som alltid positive, og heia fram både eigne og andre sine håpefulle små og store.

 
     
 
 
 
 
  Det var mye god riding, og klassane det blei konkurrert i var Gymkhana og sprang. Gymkhana er ei bane med ulike oppgåver som hest og ryttar skal meistra på fortast mogleg tid. T.d. potetløp, slalåm og balanse. Sprang kallas det når det skal hoppas over hinder.  
     
  Dei eldste ryttarane hjelper dei yngre og meir uerfarne, og dei gjer alle sitt beste for at me skal ha det gøy i lag. I gymkhanaen var det også premiering for det beste kostymet. Det var fleire fine kostyme, men denne gangen blei det Anniken Bergo, utkledd som Zorro, som stakk av med sigeren.  
     
 
 
 
 
 

Me takkar for all hjelp i frå både store og små, voner de alle hadde ein fin dag!

Helsing Hanne på Tjernagel leir og fritidssenter.

 
     
 

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.