Ridestevne på Tjernagel - 20.05.06

     
 
I flott vær med mykje sol, blei det på laurdag avvikla ridestemne for ryttarane på Tjernagel. Det var mykje bra riding, og som alltid mange flotte og positive ungdommar. Dei eldste med mest erfaring stiller villig opp og hjelper dei yngre med mindre erfaring. Slik vert alle sikra ei fin oppleving på hesteryggen.
 
     
 
 
     
 

Klassane det blei konkurrert i var gymkhana og sprang. Gymkhana er ulike oppgåver ryttaren skal meistra saman med hesten, t.d. balansera ved sida av hesten, ha potet i skjei, slalåm ol. Sprang er når hest og ryttar skal hoppa over hinder.

 
     
 
 
     
  I gymkhanaen har mange på seg kostyme, og det var denne gongen Irene Dueland frå Haugesund, som stakk av med sigeren for beste kostyme. Ho var utkledd som ein krokodille.  
     
   
 
 
 

Foreldra og ryttarane var som vanleg positive, og hjelpte villig til der det trengtes. Fleire publikum blei til siste ekvipasje hadde ridd, noko alle sette pris på, og me takkar dykk alle for ein fin dag!

Helsing Hanne på Tjernagel leir og fritidssenter.

 
     
 

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.