Ridestevne på Tjernagel - 27.10.07

     
   
     
 

Det var mykje regn da Tjernagel leir og fritidssenter arrangerte ridestemne for ryttarane sine på laurdag. Det var 29 våte, men blide og flinke ryttarar som trosset regnværet og gjorde laurdag til ei fin oppleving for både store og små.

 
 
 
 

Klassane det blei konkurrert i var gymkhana og sprang 60 + 80 cm. Gymkhana er ein bane med ulike oppgåver t.d. slalåm, potet i skje ol, som hest og ryttar skal meistra i saman, på kortast mogleg tid. Sprang kallas det når det skal hoppas over hinder.

 

I gymkhanaen var det premiering for det beste kostyme. Det var Vilde Andrea Knutsen, utkledd som ei rar dama, som stakk av med sigeren.

 
     
 

Me takkar for hjelpen frå alle ryttarane sjølve, hadde de ikkje vore så flinke å hjelpe kvarandre, og elles der det trengs, hadde me ikkje klart å arrangera stemnet. Vidare takkar me publikum som heia fram både store og små. Tusen takk til de alle, voner de hadde ein fin dag!

Helsing oss på Tjernagel leir og fritidssenter

 
     
 
 
     
 

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.