Ridestevne på Tjernagel - 05.05.07

     
 

I strålande solskinn blei det på laurdag avvikla ridestemne for ryttarane på Tjernagel Leir og Fritidssenter. Det var mykje bra riding, og som alltid mange flotte og positive barn og unge. Dei eldste med mest erfaring, stiller villig opp og hjelper dei yngre med mindre erfaring. Slik vert alle sikra ei fin oppleving på hesteryggen.

 
     
 
 
     
 

Klassane det blei konkurrert i var Gymkhana og sprang. Gymkhana er ulike oppgåver ryttaren skal meistra i saman med hesten. T.d. balansera ved sida av hesten, ha poteta i skje, slalom og lignande.

 
     
 
 
     
 

Vilde Andrea, utkledd som ei nifs heks, stakk av med sigeren for beste kostyme i gymkhanaen. Ryttarane sjølve, hestane og dei positive foreldra, gjorde alle sitt for at det blei ein flott dag!

 
     
   
     
 

Takk til alle!

Helsing Hanne på Tjernagel leir og fritidssenter.

 
     
 

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.