Ridestevne på Tjernagel - 23.10.2010

   
     
 

Laurdag 23. oktober skein sola under ridestemne på Tjernagel. Klassane det blei konkurrert i, var gymkhana og sprang. Gymkhana er ein bane med ulike oppgåver for hest og ryttar. t.d. potet i skei, balanse og slalåm.

Frida J. Løvland stakk av med sigeren for beste kostyme. Ho var kledd ut som eit graskar.

 
     
   
     
 

Sprangklassane er ein bane med hinder i høgde 40, 60 og 80 cm. Her gjeld det å koma seg feilfritt gjennom bana, og i nokon klassar også fort.

Det blei vist mykje god riding, og me var veldig stolte over ryttarane og det dei viste.

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Clear Round 40cm.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.

 

 
     
 

Som alltid hjelpte dei eldste med mest erfaring, dei yngre med mindre erfaring, slik at får ei god oppleving på hesteryggen. Me takkar for publikum som heia fram eigne og andre sine ekvipasjar, og for mange hjelpsame hender undervegs. Utan dei hadde me ikkje klart å gjennomføra ein slik dag. Sist men ikkje minst takkar eg ryttarane sjølv for den gode sportsånd dei viser hestane og kvarandre, tusen takk!