Ridestevne på Tjernagel - 24.04.2010

   
     
 
Laurdag 24. april var det igjen ridestemne på Tjernagel. Vêrgudane var heilt på vår side, og stilte med strålande sol. Klassane det blei konkurrert i var gymkhana og sprang. Gymkhana er ein bane med ulike oppgåver for hest og ryttar. t.d. Potet i skje, balanse og slalåm. Jon Vikse som var med på stemne for fyrste gang stakk av med sigeren for beste kostyme. Han var utkledd som ein tøff pirat. Sprangklassane er ein bane med hinder i høgde 60 og 80 cm. her gjeld det å komma seg feilfritt og fort gjennom bana.
 
     
   
     
 
Det blei vist mykje god riding, og me var veldig stolte over ryttarane og det dei viste. Det nye denne gangen var "clear round" 40 cm. Her gjaldt det å komma feilfritt gjennom bana, og dei fekk 2 sjansar på å klare dette. Alle dei 5 startane i klassen kom seg feilfritt gjennom bana!

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Clear Round 40cm.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.

 

 
     
 

 
 
Beste Kostyme
 
 
 
 
Som alltid hjelpte dei eldste med mest erfaring dei yngre og mindre erfarne, slik at alle fekk ei god oppleving på hesteryggen. Me takkar for flott hjelp, for positive og hjelpsame føresette, og publikum for ei positiv og god stemning. Sist men ikkje minst takkar eg ryttarane for den gode sportsånd dei viser hestane og kvarandre, tusen takk for ein flott dag!