Ridestevne på Tjernagel - 31.05.08

     
 

I strålande solskin blei det laurdag 31. mai igjen arrangert ridestemne på Tjernagel. Det var 29 ulike deltakare, og mange deltok i fleire klassar.

 
     
 
 
     
 

Klassane det blei konkurrert i var Gymkhana og sprang. Gymkhana er ei bane med ulike oppgåver som hest og ryttar skal meistra på kortast mogleg tid. Sprang kallas det, når det skal hoppas over hinder. Ryttarane gjorde både foreldre og oss andre svært stolte.

 

 
     
 
 
 

Forutan sjølve ridinga, har mange ei sportsleg innstilling alle blir svært imponert over. Dei flinkaste og eldste, hjelper dei yngre og meir uerfarne, og dei gjer sitt beste for alle skal ha det gøy i lag.

 

I gymkhanaen var det også premiering til den som hadde det beste kostymet. Det var fleire fine kostyme, men denne gongen blei det Hermann Lothe Stava i frå Haugesund, utkledd som ei ”heia jente”, som juryen falt pladask for!

 
 
     
 

Eg takkar for all hjelp i frå både store og små, vonar de alle hadde ein fin dag!

Helsing Hanne på Tjernagel leir og fritidssenter.

 
     
 

Resultat gymkhana gruppe 1.

Resultat gymkhana gruppe 2.

Resultat sprang 60cm.

Resultat sprang 80cm.